Siste basaren på Oen

Basaren i Øygarden har i mange år vore ein kjær tradisjon for både folk på Oen, og for Kirkens Bymisjon.

Ein liten flokk med eldsjeler på Oen har gang på gang fylt det lokale bedehuset til randen med dei flottaste handarbeid og kjøpelystne basargjester. Dei siste åra har bedehuset vorte for lite, og basaren har funne stad på Blomvåg skule. Kvar haust dei siste ti åra har folk gått mann av huse til denne tilskipinga, og fleire hundre tusen kroner har vorte samla inn.

– Vi gjorde dette for første gong i 2008. Sidan har det berre vekse på seg, seier Aud Oen. Ho har heile tida vore del av kjernemuskulaturen i basardugnaden.

Ein sosial møteplass

Men no er det slutt, seier damene som har styrt skuta i alle desse åra. Nokre få entusiastar har halde ut lenge, trass i sviktande helse. I 2018 vart gjengen endå litt mindre, då ei av initiativtakarane fall frå. Og dersom det ikkje kjem til yngre krefter som kan ta over stafettpinnen, er basar-epoken over.

Det er synd, meiner Camilla Grimsby, som i alle år har vore Kirkens Bymisjon sin basar-entusiast nummer 1. Ho var også med på den siste basaren på Blomvåg skule.

– Då vi var der i haust, var det fokus på TV-aksjonen og slagordet vårt, «Mindre aleine saman». Og det er jo det basaren også handlar om, meiner Camilla. – Det er ein møteplass, ein kjem saman og

får høyre nytt frå bygda. Det sosiale med basaren er like viktig som det å samle inn pengar!

Kirkens Bymisjon har også ein tradisjon for basar, om enn ikkje i same storleik som det kvinnene på Oen har greidd å få til i år etter år. Både i tidlegare kafé Magdalena i i Kong Oscars gate 5 og i Krohnhagen Kafé har det vore skipa basar. Men trass i milde gåver frå velståande bymisjonsvener, og trass i at «Thor med hammaren» har vore auksjonarius, har summane herfrå aldri vore i nærleiken av det dei får til i Øygarden. Det vert liksom noko anna når ein gjeng med trauste bygdekvinner legg breisida til, og sel loddbøker og hankar inn gevinstar frå heile nærområdet.

Kirkens Bymisjon i Bergen nyttar høvet til å takke på det hjartelegaste for ti år med uforlikneleg innsats!