Opna på Voss

19. februar 2020 var ein stor dag for Kirkens Bymisjon i Bergen. Då opna dørene på Voss, og for fyrste gong kunne vi invitera til eit tilbod utanfor Bergen.  

Dagen var godt planlagd. Alt sommaren 2018 vart vi kontakta av NAV Voss. Dei hadde sett det vellykka arbeidet til Kirkens Bymisjon i Odda, og ønskte eit tilbod på Voss for menneske med utfordringar knytt til rus. Takk vere tilsegn om økonomisk tilskot frå heradet og rekordresultat på TV-aksjonen, kunne planlegginga gå vidare. Toril Hunnålvatn vart tilsett som stadsleiar, og Lars Lid Trana som altmoglegmann.   

Arbeidstilbodet har blitt til i nært samarbeid med både NAV og heradet si rus- og psykiatriteneste.

Vår plass er i ‘mellomromma’ der det er eit behov, men manglar eit tilbod.

 – Dette samarbeidet har vore avgjerande viktig, seier Bård Aulin, avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon. – Vår oppgåve er ikkje å konkurrera mot godt arbeid som allereie finst. Vår plass er i ‘mellomromma’ der det er eit behov, men manglar eit tilbod. Og på Voss fyller I jobb eit slikt mellomrom.  

To dagar i veka opnar Toril og Lars dørene for menneske som ynskjer å gå på jobb. – Det er inga påmelding, men mange tek kontakt før dei kjem fyrste gongen, seier Toril. Dagen byrjar med felles frukost kl. 08.30. Deretter vert arbeidsoppgåvene gjennomgått, og gruppa deler seg i mindre arbeidslag. Det konkrete arbeidet varierer, men ofte er det hagearbeid, riving, enkle malejobbar og vedlikehald. Oppdraga kjem både frå privatpersonar som vil ha hjelp, og frå heradet og næringslivet på Voss. Etter nokre timar med arbeid avsluttar deltakarane dagen med felles lunsj.  

På ein vanleg arbeidsdag møter gjerne 5-8 personar på jobb. Dei har ulik motivasjon. For nokre er den sosiale fellesskapen viktigast. Nokre nyttar tilbodet til å «kome seg innpå att» i høve til arbeid, eller til å tena seg litt ekstra pengar. For andre kan det viktigaste vera å få ein rytme på dagen og noko å gå til. Eideltakar seier det slik: – Når eg skal på jobb, så er det ikkje eit alternativ å drikke kvelden før. Eg må jo vera opplagd på jobb. Det kjennest veldig bra å ha jobben å gå til. 

Også på Voss har smitteverntiltak bydd på utfordringar. Det er ofte litt reiseveg ut til arbeidsstaden, og både folk og utstyr treng transport.  Gjengen har vore utruleg positiv, seier Toril. – For å kunna halda tilbodet opent, lånte vi nokre gamle syklar til transporten. Vi var usikre på responsen. Men då vi såg at deltakarane kom på jobb i all slags vér og sykla opptil åtte kilometer for å koma til staden der arbeidet skulle gjerast, då tenkte vi at dette må vi berre halda fram med!  Sykkelturane synte seg også å vere gull verde sosialt. Dermed kjøpte vi inn nokre el-syklar som vi har nytta flittig, både i arbeidet og på sosiale turar.  

Målsettinga med I jobb er å tilby deltakarane ein fellesskap, og nytta arbeid og aktivitet som metode i prosessen med å ta grep i livet dersom dei sjølve ynskjer ei endring. Det kan handle om betre meistring av rus, betre helse, auka kontakt med familie og vener eller eiynskje om å koma i arbeid eller utdanning. – Hos oss får deltakarane den tida dei treng, seier Toril. 

Erik forteller litt om hvordan det er å være deltaker på I jobb.

Men Kirkens Bymisjon på Voss er ikkje berre I jobb. For å gjere satsinga meir robust, var vi avhengige av meir enn eitt bein å stå på. Og i denne bygda, som er verdskjent for sine idrettsutøvarar og ekstremsport-høve, er det ikkje overraskande at aktivitet, sport og friluftsliv står sterkt. Men mykje utstyr er kostbart. Og for barn som veks, kan mykjnyttast berre ein sesong før det vert for lite. – Kan Kirkens Bymisjon hjelpe oss med ein utstyrssentral? spurde Voss Røde Kors, KFUK/ KFUM, Voss Utferdslag og fleire andre. 

– Med dette fall brikkane på plass, seier Bård Aulin. – Dette kunne vi satsa på, men vi ville gjere tilbodet så godt kjent som mogleg, og vera der barn og unge bruker å ferdast. Vi ville vere maksimalt tilgjengelege, og gjera det til ein heilt alminneleg ting å låna utstyr på Skattkammeret. Løysinga vart å leiga lokale på Vossabadet. Dei har teke imot oss med opne armar, og let oss nytta store delar av areala i andre høgda. 

Skattkammeret har mykje utstyr, spel og leikar til både barnebursdagar, familieselskap, utflukter og fjellturar. Dei som treng noko, kan til ei kvar tid sjekke utvalet og reservera utstyr på bua.io eller i bua-appen.  

Kva vert det neste for Kirkens Bymisjon på Voss? – Vi har kjøpt halvparten av den gamle Sylvsmidja i Bonangergata 12. Den er vi no i gang med å rehabilitera, slik at dette kan bli eit senter for alt arbeidet vårt på Voss, seier Toril. – Vi har fått økonomisk støtte frå Gjensidigestiftelsen og andre til å gå i gang med å laga eit tilbod til unge. Her vil vi plassera Skattkammeret. Og vi er i ferd med å utvikla eit jobb-tilbod også til unge som ikkje er i jobb eller utdanning. Utfordringa er i fyrste omgang å skaffa tilstrekkelege middel til satsinga. Vi har mange spanande tankar for tida framover, og kryssar fingrane for at vi får det til. 

Ynskjer du å engasjera I jobb til å gjera ein jobb for deg? Ta kontakt med oss her: I jobb  

I Jobb er støtta økonomisk av Voss herad, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet, TV-aksjonen og sal av arbeidstenester. Skattkammeret er støtta økonomisk av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet, TV-aksjonen og lokalt næringsliv.