Lengta etter å bli sett

– Eg skal verkeleg gjere alt for å kome til OL. Uansett om eg må slå ut ei tann til, seier Morten Thoresen.

Sjølv om Morten Thoresen rauk ut av VM i bryting, fekk han likevel noko han hadde venta på i 23 år.

Tre klapp. «Thoresen!» Tre klapp. «Thoresen!» 

Det kokar på tribunene, denne oktoberdagen i 2021. Over 5000 menneske har funne vegen til Jordal Amfi i Oslo. For første gong på 18 år er det VM i bryting på norsk jord.  

Morten Thoresen er så klar som han kan bli. Allereie som 14-åring var målet klart: Han skal bli verdas beste brytar. No står han der på matta og kjenner på bruset frå tribuna. Energien frå publikum spreier seg i kroppen. 

Fire kampar må han vinne før han kjem til ein eventuell finale.  

Han veit at far, besteforeldre og mange andre frå heimbyen Bodø er der. Men han lukkar auga og vender hovudet mot himmelen, tør ikkje sjå etter dei.  

«Dei få gongane eg kan hugse at pappa har vore og sett på brytinga, har eg ønska å prestere best mogleg.» 

Det er stemma til Morten tv-sjåarane høyrer, medan han hoppar opp og ned der på skjermen, slår hendene mot kinna, låra, leggane. Han får ein beskjed frå trenaren, nikkar fort, og så bles dommaren i fløyta.  

– Anerkjenning er vel noko alle har lyst på og føler på. Iallfall av personar ein er glad i og bryr seg om.  

Det er berre fem minutt sidan vi møtte Morten Thoresen på ein kafé i Oslo, men han må allereie tørke nokre tårar.  

Gjennom NRK-programmet «Hodet i klemme» har norske sjåarar følgt Morten og resten av landslaget gjennom to sesongar. Morten har vore open om utfordringar både på og utanfor matta, og er ikkje redd for å vise kjensler.  

– Sorry, det er så sårt, akkurat det der, seier han og snufsar litt.  

Som barn budde Morten mest hjå mor og storebror. Foreldra har vore skilt så lenge han kan hugse. Han fortel om ein aktiv barndom, der han opplevde meistring i idretten, ikkje på skulen.  

Som sjuåring byrja han på bryting. Tre år seinare var han landsmeister.  

– Eg fann tidleg ut at eg kunne presse meg sjølv hardare enn dei andre. Jo hardare eg sprang, dess betre vart eg.  

For han ville gjerne ha ein klapp på skuldra, særleg av faren. Morten hadde vore på så mange treningar, både fotball og bryting, med fedrar på sidelinja som ropte og ga «high fives». Av og til spurde dei andre: kven er far din? 

– Du har eigentleg ikkje lyst til å svare på det spørsmålet. Folk meiner berre godt, men det er eit vondt spørsmål å få som liten.  

I dag har han 180 reisedagar i året. Han er europameister og har ti NM-gull. To framtenner har han mista på vegen.  

– Ja. Og det var vondt, men det er ein del av gamet, seier han og smiler skeivt.  

– Eg er blitt sydd 40 gongar i trynet. Har fått kutt på trening, blitt sydd opp mellom øktene, og så hoppa inn igjen tolv minutt etterpå. Eg kan ikkje ligge på latsida. Når eg har sagt at eg skal bli verdas beste brytar, så må eg trøkke til.  

Det neste store målet er OL i Paris til sommaren.  

– Om ein tronar øvst der, kan ein vel seie at ein er verdas beste, seier han. 

– Det er framleis det store målet? 

– Ja. Eg skal verkeleg gjere alt for å kome til OL. Uansett om eg må slå ut ei tann til, det er verd det.  

Eg skal verkeleg gjere alt for å kome til OL. Uansett om eg må slå ut ei tann til, seier Morten Thoresen.

Han tek ein slurk av smoothien som står framfor han på bordet. For fem år sidan hadde han ikkje hatt råd til den.  

Som 16-åring flytta han til Oslo, for å gå på skule og satse på brytinga. Men overgangen til vaksenlivet var brutal. Han måtte lage mat, vaske klede, halde styr på ein timeplan og økonomi. Han hadde ikkje råd til å bli med kompisar på kino i helgane.  

I tillegg auka han treningsmengda, frå éin til to gongar om dagen.  

– Etter eit halvt år, gret eg heile vegen heim til Bodø. Då var eg i kjellaren, fortel 27-åringen.  

Han fortel om «ei hardbarka mor» som har støtta han gjennom tjukt og tynt. Etter ei veke heime, reiste han tilbake til hovudstaden. Sidan­ har han hatt base der.  

– Eg trengde berre ein pust i bakken og ein god klem. Ein kan vere så tøff ein berre vil, men av og til treng ein berre litt morskjærleik, seier han og flirer.  

Inne på kafeen i Oslo denne januardagen summar det av småprat rundt fulle lunsjbord. Ein nyfødd baby er utrøysteleg, blir varsamt byssa borte ved eit juletre som framleis står ved vindauget.  

– Om du skal skildre bryting for dei som ikkje har eit forhold til det… 

– Det er ikkje så valdeleg som folk skal ha det til. Men du må tole litt fysisk og psykisk smerte, svarar Morten. 

– Samtidig byggjer det veldig karakter, og du blir veldig godt kjent med både kroppen og hovudet ditt. Eg trur alle hadde hatt godt av å prøve det.  

Sjølv om folk ofte tenker på det fysiske ved bryting, har det mentale like mykje å seie, meiner Morten. Han likar kjensla av at han berre kan stole på seg sjølv.  

Støtt vårt arbeid

– Om eg legg sjela mi i det, har vondt på trening, så får eg igjen for det på matta. Det gjer eg ikkje på fotballbana, for då må eg stole på ti andre. I bryting kan eg berre skulde på meg sjølv om det går dårleg, seier han.  

– Og klappe meg sjølv på skuldra, om eg vil.  

Vegen fram til VM i Oslo var ikkje berre lett. Tre år tidlegare heldt han på å gi opp heile brytinga.  

– Eg hadde stanga hovudet i veggen i to år og pusha meg sjølv til det ytste.  

Han legg eit ekstra trykk på det siste ordet. Lyset i tunellen byrja bli mindre og mindre, hugsar han. Men så, under U23-VM i Tyrkia, tok han ein bronsemedalje.  

– Eg trudde den ville opne opp for at eg fekk meir støtte og at eg slapp å tenke på om eg hadde middag dagen etter, liksom. Det gjorde den ikkje. Men den ga meg det håpet eg trengde for å halde fram.  

To år etter vart han europameister. Så forventingane var høge då han sto der på matta i Jordal Amfi, ein oktoberdag i 2021.  

Morten Thoresen
Håp: Ein bronsemedalje ga Morten Thoresen det håpet han trengde for å halde fram med brytinga. Foto: Kirkens Bymisjon

Han kjempa seg til kvartfinalen den dagen, der han møtte kasakhstanske Almat Kebispajev. Etter første omgang leia Morten 5–0. Familien på tribuna følgde nøye med, hoppa opp og klappa for kvart poeng. Faren var tydeleg rørt.  

Men i andre omgang vart kampen snudd på hovudet. Til slutt tapte Morten, og gret sine modige tårar i armane til trenar Fritz Aanes.  

Og sjølv om han var der den dagen, og opplevde alt som skjedde der, vart han slått i bakken av det han såg i sesongavslutninga til «Hodet i klemme» ei stund etterpå.  

– Eg såg kor mykje han brydde seg. Han var like lei seg som eg var, berre fordi eg tapte den kvartfinalen. Det var noko eg aldri hadde sett frå han før.  

Han snakkar om far sin.  

– Han trengde eigentleg ikkje å seie at han var stolt av meg, for han viste det med tårer. Og når han felte dei for meg, var det veldig spesielt. Eg blir emosjonell berre av å snakke om det.  

Morten må sette seg litt bak i sofaen. Ryggen har vore vond i fleire år allereie. Han tørker nokre tårar.  

– Eg hadde lengta etter det. Og eg hadde jobba så sinnsjukt hardt for det i så mange år.  

– Du har fått støtte frå mange opp gjennom åra. Kvifor var det så viktig å bli sett av akkurat far din, trur du? 

– Eg hadde sett det så mykje hjå andre, og eg hadde så lyst på det. Då er det veldig lenge å vente til du blir 23 år.  

– Kva skjedde då du faktisk fekk det du hadde lengta etter gjennom heile barndomen? Endra det deg? 

– Eg trur ikkje det. Det er vanskeleg å seie, men eg trur berre det var ei stadfesting eg måtte få i livet.  

– På at du var flink? 

– Ei stadfesting på at han var stolt av meg. Eg har alltid vore sikker på at han har vore glad i meg, men det å vere glad i og det å vere stolt av nokon er to vidt forskjellege ting. Eg trengde ei stadfesting på at han var stolt av meg som menneske, av den eg er blitt.  

Han trudde ikkje det skulle gå så hardt innpå han, at det skulle bety så mykje. Han har ikkje snakka med far sin om det sidan.  

– Eg er nok flink til å snakke om kjensler, men akkurat når det kjem til min far, greier eg det ikkje. Vi har hatt eit forhold der vi har prøvd å vise kvarandre at vi er glade i kvar­andre på andre måtar enn ved å seie det, forklarar han.  

Det å vere glad i og det å vere stolt av nokon, er to vidt forskjellege ting, seier Morten Thoresen.

Snart skal han ut og reise igjen, til treningssamling i Praha. Sjølv om han endar opp øvst på pallen i Paris i sommar, kjem han ikkje til å legge opp.  

– Eg er såpass glad i bryting, så ein kan alltid hige etter noko større. Greier ein noko éin gong, så kan ein gjere det to gongar, seier han bestemt.  

Morten er klar på at han aldri hadde kome så langt åleine. Han har møtt mange rause menneske på vegen, og er evig takksam.  

– Eg lever jo draumen, i håp om å oppnå målet mitt i livet. Så eg føler meg ekstremt privilegert.  

Men jo. Det er éin ting som kan få han til å legge skoa på hylla.  

– Eit av dei største måla eg har i livet, utanom brytinga, er å bli pappa. Då er eg ferdig med brytinga.  

– Sjølv midt i løpet mot OL? 

– Ja, om eg finn den rette og blir pappa, kunne det fått meg til å legge opp i morgon, liksom. 

Egoismen som pregar livsstilen hans er ikkje foreinleg med eit småbarnsliv, trur han.  

– Det er mykje meg, meg, meg. Eg må trene, kvile, sove, ete. Det går ikkje om ein blir pappa. Eg vil ikkje gjere noko halvvegs her i livet, eg vil gå inn med heile hjartet. 

Publisert i Magasinet BY 01/2024.