– Vanskeleg å bli høyrt utan å bli sint

– Det er umogleg å snakke om desse tinga utan at ein er for eller imot, sier Eir Berg.

Prest i Tøyenkirken, Eir Berg, meiner samfunnet må lytte meir til dei som har erfaringar med å vere trans.

– Å vere ein minoritet i minoriteten er utfordrande. Vi må diskutere kva den skeive rørsla kan gjere, men også kva me som ikkje høyrer til den skeive rørsla kan gjere. Det har i lengre tid vore nokre harde debattar og harde frontar om transpersonar.

Det seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) til Magasinet BY.

– Sjølv om samfunnet heldigvis har kome langt i aksept og inkludering av skeive, er det framleis mange som har negative haldningar og fordommar. Pridefeiringar spelar ei viktig rolle ved å fremje aksept, likestilling og kjærleik. Dei utfordrar dei negative haldningane og vil derfor skape debatt, meiner statsråden.

Ny jobb, ny fridom

I bakhagen til Bymisjonssenteret i Oslo er det stille. Seks dagar i veka er det folksomt her; ein kan kjøpe mat i kafeen, fattige tilreisande kan få ei seng å sove i, og kvar onsdag er det messe i Tøyenkirken. For å nemne noko.

Men på tysdagar, då vi er her, er kafeen stengt. Vi set oss ned på den eine benken saman med prest Eir Berg. Ho har arbeidd i Kirkens Bymisjon sidan mars i år.

– Korleis har den første tida vore? 

– Den har vore veldig spennande, veldig gøy og veldig overveldande. Det er mange ting å sette seg inn i, svarar ho med eit smil.

Ho kom til Tøyenkirken frå UiT Norges arktiske universitet, der ho var førsteamanuensis og skreiv doktorgrad om skeiv teologi. Ho studerte mellom anna skeive religionsuttrykk og religiøse erfaringar.

– I Tøyenkirken er det ope for at eg kan jobbe med desse tematikkane i praksis. Akkurat no held eg på å utvikle ein namnestadfestingsseremoni for transpersonar.

– Er det meir rom for dette her enn elles i Den norske kyrkja? 

– Ja og nei. Det kjem litt an på korleis ein ynskjer å jobbe. Her er det ikkje ein geografisk basert kyrkjelyd, eg betener ikkje i like stor grad ei middelklasse. Då blir også behova for ritual og liturgi annleis.

– Det er umogleg å snakke om desse tinga utan at ein er for eller imot, sier Eir Berg.

Augeopnar under pandemien  

Sjølv har Berg vore ein del av det skeive miljøet sidan ho var 16 år. I fleire år levde ho som ein homofil mann. Så, under koronapandemien, skjedde det noko.

– Eg begynte å forstå korleis alt heng saman­ og kven eg er. Det å faktisk berre bli sitjande i mitt eige selskap, gjorde at eg måtte reflektere litt annleis om meg sjølv. Det var ein augeopnar, fortel ho.

Mange er opptekne av å bruke skapingsteologi som eit argument for at ein ikkje skal vere trans, ifølgje Berg. Ein skal akseptere at ein har den kroppen ein vart fødd med, og ferdig med det.

– Men til sjuande og sist er vi menneske­ som er autonome og har høve til å ha kjensler og kontroll over eigne kroppar. Det viktigaste er at vi må stole på at vi som menneske også gjer nokre val for våre liv som kan vere gode.

Lytte til nyansane 

Ho har mykje på hjartet. Men ho føler det er lite gehør i samfunnet for å høyre på henne og andre som har erfaringar med det å vere trans.

– Det er umogleg å snakke om desse tinga utan at ein er for eller imot. Ein er veldig oppteken av å snakke om kor farleg det er, og lite oppteken av å snakke om kor bra det er for dei fleste av oss, meiner ho.

Historiene som kjem fram i media handlar ofte om nettopp dei som angrar, meiner ho. Dei som seier: Dette skulle vi aldri gjort, nokon skulle ha stoppa meg.

– Ofte er opplevingane meir nyanserte enn som så.

– Vi må lytte meir? 

– Ja, rett og slett. Lytte meir til oss som faktisk opplever dette. Det er vanskeleg å bli høyrt i ein slik debatt utan å bli sint.

– Vi krev noko tilbake som er annleis enn det majoritetssamfunnet i utgangspunktet ser på som behageleg å skulle gi, sier Eir Berg.

– Noreg skal gå i front 

Pride og pridefeiring skaper framleis debatt kvart einaste år. Ein føresetnad for at samtalen om pride blir god, er å anerkjenne at skeive ikkje utgjer nokon trussel for samfunnet. Det meiner kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

– Vidare bør alle tenkje over at det som vert sagt, kan få enorme konsekvensar. I debattar om pride brukar mange ein hard retorikk. Dette bidrar til å nøre opp under hat og skapar utryggleik. Når du skal delta i debatten, er det difor viktig å tenkje gjennom kva for følgjer det du seier kan ha for andre.

– Kva kan du som statsråd bidra med for å betre høva for skeive i åra som kjem? 

– Regjeringa arbeider for å auke livskvaliteten til skeive, tryggje rettane deira, og for større aksept for mangfald knytt til kjønn og seksualitet. Noreg skal gå i front internasjonalt for at menneskerettar, fridom og mangfald skal kome alle til gode, svarar Jaffery.

Vi har framleis ein lang veg å gå, meiner Eir Berg. Ho smiler oppgitt frå andre sida av benken i bakhagen på Tøyen.

– Eg trur at veldig ofte når vi snakkar om kjærleik, er vi opptekne av at det skal passe inn i majoritetssamfunnets oppleving av kva kjærleik er.

Vil bli sett 

Lenge har transpersonar ynskt å passere usett, forklarar ho. Ikkje lage bråk, berre passere. Men no er vi i ei brytingsfase, meiner Berg.

– No ynskjer mange av oss å vere til stades i verda. Vi har nokre tankar om kva det vil seie å vere menneske. Og det trur eg skremmer samfunnet like mykje som det skremmer kyrkja. Resultatet er polariserte debattar, meiner Berg.

– Det blir vanskeleg for storsamfunnet å sleppe til minoritetane. Fordi vi krev noko tilbake, som er annleis enn det majoritetssamfunnet i utgangspunktet ser på som behageleg å skulle gi.

Publisert i Magasinet BY 02/2024.