Om I jobb i Voss

I jobb er Kirkens Bymisjon Voss sitt arbeidsretta lågterskeltilbod for menneske med utfordringar knytt til rus.

Med I jobb ynskjer me å bidra til at våre deltakarar får ein god og innhaldsrik kvardag. Målet er å skape ein arena som gjer det mogeleg for deltakarane å realisere seg som arbeidstakarar. Og få høve til å tjene pengar gjennom ærleg arbeid. Tenesta er arbeid, ikkje ei sosialteneste.I jobb tilbyr enkle dagsoppdrag.  

Ved å jobbe opplever deltakarane tillit, at det er bruk for deira arbeidskraft og evner, meistring av oppgåver og fellesskap med kollegaer. I jobb tilbyr enkle dagsoppdrag.

Om oss

I jobb Voss er eit samarbeid mellom Kirkens Bymisjon Voss og Voss kommune vedrørande deltakarar, arbeid, og økonomi. 

Vårt mål

Vårt mål er at kundar skal ha ei god oppleving med godt utførte tenester, og at deltakarar skal oppleve meistring, arbeidsfelleskap og ein meiningsfull kvardag  

Som kunde vil du være med å bidra til at menneske i ein sårbar livssituasjon opplever betra helse og auka livskvalitet. Arbeidet vert opplevd som viktig for fellesskapet og aktiv samfunnsdeltaking, og som oppdragsgivar bidreg du til eit rausare og meir inkluderende arbeidsliv og lokalsamfunn.

Ta kontakt med oss for ein prat dersom du har eit oppdrag, eller ynskjer meir informasjon. Me møter gjerne til ei samtale!