I jobb, Voss

Her finner du oss

Her finner du oss

  • Adresse

    Bonangergata 12, 5700 Voss

  • Telefon

    55 21 50 95

I jobb er eit arbeidstiltak for personar med rusutfordringar. Me arbeider i små lag på oppdrag frå heradet, næringsliv og private. Felles frukost og lunsj vert servert, det sosiale fellesskapet er vel så viktig som arbeidet. 

I jobb Voss er eit samarbeid mellom Kirkens Bymisjon Voss og Voss kommune vedrørande deltakarar, arbeid, og økonomi. Vi er eit arbeidsretta lågterskeltilbod for menneske med utfordringar knytt til rus.

Vårt mål er at kundar skal ha ei god oppleving med godt utførte tenester, og at deltakarar skal oppleve meistring, arbeidsfelleskap og ein meiningsfull kvardag  

Som kunde vil du være med å bidra til at menneske i ein sårbar livssituasjon opplever betra helse og auka livskvalitet. Arbeidet vert opplevd som viktig for fellesskapet og aktiv samfunnsdeltaking, og som oppdragsgivar bidreg du til eit rausare og meir inkluderende arbeidsliv og lokalsamfunn.

Me kan bidra innafor eit variert spekter av oppdrag for både bedrifter og privatpersonar. Våre arbeidslag består av ein arbeidsleiar som arbeider saman med deltakarane. Me tek enkeltoppdrag men inngår gjerne avtalar om faste oppdrag.

Oppdrag kan til dømes være: Hagearbeid, målearbeid, bortkøyring av avfall, mindre flytteoppdrag, rydding av søppel, reingjering, enkle vaktmeisteroppgåver,

Arbeidet i I jobb er leia og utført av tilsett med sosialfagleg bakgrunn og med kompetanse i å drive lågterskel arbeidstiltak

  • I jobb tilbyr oppdrag 2-3 gonger pr. veke, med ein oppdragsperiode frå 1 – 4 timar pr dag.
  • Kirkens Bymisjon er ansvarleg for utført arbeid, og vil gjere kvalitetskontroll og oppfylging under utføring av arbeidet.
  • Arbeidarane skriv dagskontrakter og mottar eit økonomisk skattepliktig honorar etter arbeidsdagen er over.

Kirkens Bymisjon er ansvarleg for at arbeidarane ved I jobb har gode rammer og riktig utstyr for å utføre arbeidet.  Arbeidarane er forsikra med yrkesskadeforsikring medan dei jobbar.

Ta kontakt for meir informasjon og prisar!