Amir er éin av mange som øvingskøyrer gratis hjå Kirkens Bymisjon i Kristiansand. Tilbodet kom på plass etter at fleire ved Kafé Kudos, ein møteplass for ungdom i sentrum av byen, uttrykte ynskje om det.
Sidan oppstarten i 2023 har 61 ungdomar meldt si interesse, og fleire står no på venteliste.
– Til no har eg brukt over 12.000 kroner på øvingskøyring. Det hadde vore mykje meir om eg ikkje hadde dette tilbodet.
Amir, student
Det er kun i Kristiansand at Kirkens Bymisjon har eit tilbod om øvingskøyring. Alle frivillige som stiller opp for å køyre med ungdomane, er først med på kurs ved ein køyreskule.
Anne Grethe Gute (63) vart pensjonist i fjor og har sidan øvingskøyrt med fleire ungdomar. Nokre av dei har ho til og med skaffa jobb til.
– Det er gøy, og ganske trist når dei er ferdige. Vi har mange gode samtalar i bilen.
Anne Grethe, frivillig
Å parkere i sentrum kan være litt vrient, synes Amir. Han ryggar sakte og forsiktig inn mellom to andre bilar. Anne Grethe følgjer nøye med og gir råd undervegs.
Når bilen er trygt plassert ved fortauskanten, er ho rask med å gi skryt.
– No må du gå ut og sjå kor fint du parkerte. Det er heilt perfekt. Du skrapte jo ikkje opp den bilen!
Anne Grethe, frivillig
– Takk og lov for låge standardar, svarar Amir og smiler.
Anne Grethe har hatt hjartet i halsen nokre gongar det siste året, men stort sett føler ho seg trygg som køyrelærar. Og så er det veldig gøy å sjå progresjonen til dei ho køyrer med, synes ho.
Når Amir får stipend, skal han auke frå éin til to køyretimar i veka. Parkering og forbikøyring er blant tinga han skal øve ekstra på framover.
– Eg veit ikkje om eg skal skaffe meg bil rett etter at eg får lappen. Men det blir veldig fint å ha moglegheit til å køyre.
Amir, student
I 2023 vart bilen brukt til over 812 køyretimar. 15 ungdomar har tatt lappen sidan tilbodet starta. Bilen brukast kun til øvingskøyring, og har (bank i bordet) ingen bulk enno.
– Eg har lært mykje nytt om å køyre bil, og av og til korrigerer elevane meg. Eg synes eg har blitt ein meir merksam sjåfør sjølv også.
Anne Grethe, frivillig
Publisert i Magasinet BY 03/2024.
- Ein trygg møteplass for ungdom mellom 13–20 år i Kristiansand sentrum.
- Opna i april 2020.
- Arrangerer jamt konsertar, temakaféar og utstillingar. I tillegg har dei fritidsaktivitetar, arbeidstrening og ein møteplass dedikert til ungdom etter skuletid. Ung rettshjelp held også til i same huset.
- Tilbodet om øvingskøyring starta opp i 2023.