Gjer døden lys

Forfattar Anna Fiske fann glede i å lage ei barnebok om døden. På Skovheim samla vi barn og eldre for å snakke om livet – og den uunngåelege slutten.

– Mamma! Kom og sjå, det er noko eg må vise deg!  

Seksåringen min kjem springande over skulegarden og tek meg i handa. Ho og venen har funne ei babymus denne dagen, og no vil dei vise meg grava. Vi går bak skulen, opp mot skogen. Dei stoppar ved nokre pinnar som er dandert i ein halvsirkel. I midten ligg ei lita trerot oppå mosen. Dei ser forventningsfullt på meg.  

– Er den ikkje fin? Vi må pynte! Kanskje blåbær, eller steinar? 

Død på programmet 

I 2023 kom boka «Hvordan snakker man om døden?». Boka er vårgrøn og gul, og på framsida kan ein mellom anna sjå teikningar av ei kiste, nokon som gret, og ein død fugl.  

– Ideen kom fordi døden er noko barn ofte spør om, frå dei er ganske små. Då kan det vere fint å ha teikningar å sjå på. Målet var å lage ei open bok, slik at ein kan tenke og undre seg vidare saman, fortel forfattaren Anna Fiske.  

Denne fredagen er ho på besøk på Skovheim allsenter, som er Kirkens Bymisjons møteplass – med tilhøyrande eldrebustadar – på Nordstrand i Oslo. Ho skal fortelje om boka si til fem eldre bebuarar og barn frå nabolagets barnehage.  

– Du har snakka med mange barn om denne boka sidan den kom ut. Korleis har det vore, får du mange spørsmål? 

– Barna tek det berre for det det er. Det er ikkje noko skummelt, seier ho.  

– Og så er det nokon som har eigne opp­levingar. Ein gong var det ei jente som hadde mista mammaen sin, så då snakka vi litt om det. Det var eit fint forum for henne å snakke om det i.  

– Du må vere førebudd på alt? 

– Ja. Nokre gongar er det ingen som seier noko, og andre gongar er det berre poff! Det er veldig forskjelleg.  

Slutta aldri å teikne 

På Skovheim sit barna fremst ved skjermen der Fiske viser fram bilete frå boka. Bak dei sit fem eldre bebuarar. Fiske startar med å fortelje at ho er forfattar. Kva er det, lurer William (5) på.  

– Ja, kva er det? Kanskje nokon av dei vaksne veit, seier Fiske og ser utover forsamlinga.  

Barna snur seg rundt på stolane. 

– Då skriv ein bøker, svarar ei dame.  

Fiske gjentek svaret og legg til: Kjempebra! Dei vaksne i rommet humrar.  

– Eg er også illustratør. Eit rart namn. Veit de kva det er?  

Borna ser forventingsfullt på dei vaksne.  

– Då teiknar ein teikningar til bøkene, seier Turi Høilo (94).  

– Sjå der, kva dei vaksne kan, utbryt Fiske og spør: Er det nokon her som likar å teikne? 

Othilie (5) seier ja høgt og tydeleg.  

– Eg har aldri slutta å teikne, heilt sidan eg var lita. Eg berre fortsette og fortsette, og no er det jobben min, seier Fiske.  

Hør Anna Fiske fortelle om døden:

– Det å tenke på døden, er å bli glad i livet, forteller Anna Fiske. (Video: Elisabeth Rodrigues)

Glad i livet 

Døden er ikkje eit nytt tema i barnebøker. Mange hugsar kanskje «Farvel Rune» frå 1980-talet, der Rune druknar og jamaldringen Sara må leve vidare med sorga etter venen sin. Døden er også til stades i dei populære barnebøkene om Oskar og Ida, skrivne av Maria Parr. Der er det onkel Øyvind som blir sjuk og døyr, og både barn og vaksne får rom til å sørgje over det på sitt vis.  

Anna Fiske meiner vi burde snakke meir om døden. For henne var det viktig å lage ei lys og ufarleg bok om temaet.  

– Først grudde eg meg litt til å sette i gang, men så vart eg roleg og glad av arbeidet, for eg vart merksam på kor glad eg er i livet, fortel ho.  

– Av og til er livet tungt og vanskeleg. Andre gongar skin sola og alt er kjempefint! Ofte er det sånn midt i mellom.  

Nysgjerrige: Anna Fiske studerer boka «Hvordan snakker man om døden?» saman med femåringane Filippa, Othilie og William.

Inn og ut av sorga 

Er det nokon som har høyrt ordet sorg før, spør Fiske og ser på barna.  

Dei svarar ikkje, ser seg litt rundt.  

– Når nokon døyr, føler vi sorg, forklarar ho.  

– Om vi har elska nokon kjempemasse, kan vi føle sorg kjempemasse. Sorga er ofte like stor som kjærleiken.  

Fiske fortel at barn og vaksne kan sørge på forskjellege måtar.  

– Vaksne kan bli veldig triste heile tida, seier ho og går litt krokrygga fram og tilbake. 

– Men barn kan gå litt meir inn og ut av sorga. Dei kan le og leike, sjølv om dei er triste.  

William på fem blir oppteken av ei teikning av ein larve på skjermen. Han fortel om korleis larven lagar seg ei puppe, og at den deretter kjem ut og blir til ein sommarfugl.  

– Og så døyr sommarfuglen, avsluttar han.  

Anna Fiske nikkar. 

– Døden er ein del av livet. Slik er det med oss menneske også.  

Mange spørsmål, få svar 

Ho viser fram teikningar frå boka. Ulike ansikt har tankeboblar over hovudet, som i ein teikneserie. Kva tenker dei på, skal tru? 

– Han der tenker på gravferd og blomar til ei grav. Han andre tenker på hjarte, observere­r William.  

– Men ser de kva farge som er på hjarta, spør Fiske.  

Dei er svarte.  

– Kanskje han er litt lei seg, foreslår Fiske.  

Både barn og vaksne nikkar.  

Forfattaren fortel at mange synes at det er vanskeleg å både tenke på og snakke om døden, kanskje fordi mykje er uvisst.  

– Andre tenker ikkje så mykje på døden og er opptekne med andre ting. Mm, ein kopp kaffi! Det er det mange vaksne som tenker på.  

– Og kake, ropar barna.  

Snart ferdige: Etter ein halvtime med bokprat, begynner nokre av barna å lengte tilbake til leiken i barnehagen. Frå venstre: Filippa, Othilie, William og Jakob.

Undring i sentrum 

Etter 20 minutt byrjar barna å vri seg i stolane. Kanskje lengtar dei etter klatrestativa der ute i sola. Fiske lurer på kva dei trur som skjer når vi døyr. Kvar blir vi av?  

Forfattaren har mange forslag – og teiknin­gar – på lur. Ei stjerne? Ei sky? Jord, som andre ting kan vekse i? 

Barna ristar på hovudet.  

Ein regnboge, ein engel eller eit spøkelse?  

– Nei, seier dei i kor.  

Inspirert av Fiske, spør eg dotter mi der vi står ved musegrava: Kva trur du skjer når vi døyr?  

Ho tenker seg om og svarar: Kanskje vi blir fantasidyr? Fantasieinhjørningar eller fantasikyllingar?  

Ja, kven veit. Som Fiske seier: Det du tenker, er riktig for deg. Det er ingenting som er riktig eller feil, og undringa kan hjelpe oss i sorga. 

Publisert i Magasinet BY 03/2025.
Foto: Torstein Ihle.

Les flere historier

Les flere artikler