– Målet vårt er hjelp, ikkje straff

Men helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) vil ikkje svare på om rusreforma blir endra no når Arbeidarpartiet styrer åleine.

Portrett, Jan Christian Vestre

– Kva er du mest nøgd med i del 1 av rusreforma?

– At vi har lagt fram ei stortingsmelding som presenterer ein heilt ny politikk for føre­bygging, skadereduksjon og behandling. Reforma rommar både pasientar og brukare, pårørande og alle dei som står rundt for å hjelpe. Den er òg eit oppgjer med skam, stigma og diskriminering.

– Menneske med rusmiddelproblem lever i gjennomsnitt mellom 15–20 år kortare enn befolkninga generelt. Dette kan vi som samfunn ikkje akseptere. Målet vårt er å tette gapet i levealder, og vi foreslår ny politikk som systematisk endrar på det.

– Kirkens Bymisjon saknar konkrete tiltak i første del, og meiner stortingsmeldinga framstår meir som ei situasjonsskildring enn ein reform med ambisjonar.

– Reforma inneheld seks innsatsområde med ei rekkje hovudgrep og sju tiltak. Eg vil seie at det er noko meir enn ei situasjonsskildring. Nokre av dei viktigaste tiltaka er å sette i verk eit nasjonalt rusmiddelførebyggande program for barn og unge, bygge opp grunnleggande behandlingstenester i helseføretaka, integrert ettervern, fleire skadereduserande tiltak som brukarrom og nærklinikkar. Vi skal òg lage eit nasjonalt system for å ha oversikt over rusmiddelsituasjonen i Noreg og innføre ei beredskapstenking på rusmiddelfeltet.

– Og finansiering?

– Vi bruker meir pengar på rusmiddelfeltet og rusbehandling enn nokon gong, og ventetidene til behandling er nå rekordkorte. Løyvingane på statsbudsjetta til sjukehusa og kommunane sin innsats på rusfeltet er vidareført, og tilskotsordningar til ideell og frivillig sektor er styrkte og meir målretta.

– Fleire behandlingsplassar innan rus vart bestemt lagt ned i haust. Somme kalla det ei «rasering av rusfeltet». Vil den nye reforma bøte på dette?

– Kvalitet i rusbehandling handlar ikkje om å telle senger i sjukehusa eller døgnplassar i dei private behandlingsinstitusjonane. Vi legg no opp til ei styrking av behandlingstilbod i sjukehusa, i nærleik til somatiske avdelingar og psykisk helsevern i tråd med dei samansette behova til pasientane.

– Det er ikkje riktig at fleire behandlingsplassar innan rus vart bestemt lagt ned i haust. Helse Sør-Øst planlegg for at ei ny anskaffing innan rusbehandling kan kunngjerast i løpet av våren, og at nye avtalar kan kome i løpet av hausten 2025. Målet er at disse skal tre i kraft fra nyttår 2026.

– Du vil utarbeide ein handlingsplan mot stigmatisering av sårbare grupper samtidig som de signaliserer framleis kriminalisering av mindre kvanta narkotika til eige bruk. Er ikkje det eit paradoks?

– Målet vårt er å sikre at personar med omfattande rusmiddelproblem får hjelp og oppfølging i staden for straff. Difor skal denne gruppa normalt møtast med påtaleunnlating utan vilkår eller straffutmålingsfråfall ved bruk og handsaming av narkotika til eigen bruk.

– Men ikkje alle som bruker narkotika har eit rusmiddelproblem. Vi må hjelpe dei som har behov for hjelp og behandling, og sam­tidig skal vi førebygge betre slik at færre byrjar med ulovlege rusmiddel. At bruk og ulovleg handsaming av narkotika er forbode, har ein normerande effekt og kan gjere at terskelen for å prøve blir høgare.

– Då første del vart lagt fram, var Sp framleis ein del av regjeringa. Er det noko du gjerne skulle hatt med som ein del av reforma, som ikkje er kome med?

– Politikk handlar ofte om kompromiss, og det er viktig å finne løysingar som alle kan stå bak. Stortingsmeldinga vår inneheld ein heilskapleg politikk for førebygging, skadereduksjon og betre helsehjelp til menneske som slit med rusmiddelproblem. Hugs òg at dette arbeidet ikkje er gjort ein gong for alle, men er eit område som må vidareutviklast i tråd med ny kunnskap og nye utfordringar.

– Vil det at Sp har gått ut av regjeringa føre til endringar i del 2 av rusreforma?

– Regjeringa vil fortsette arbeidet med del 2, og tek sikte på å legge den fram før påske.

Publisert i Magasinet BY 01/2025.
Foto: David Berg Tvetene / NFD