Voss

Alle born og unge skal ha høve til ein aktiv kvardag utan ein prislapp som ekskluderar frå deltaking.   

Skattkammeret tilbyr utstyr for sommaraktivitetar og vinteraktivitetar. Ski, akebrett, skøyter, syklar, telt, fiskestenger, etc. Tilbodet er gratis til born og unge. For vaksne varierer kostnad ut ifrå kor i landet du låner.  Skattkammeret fremjar eit miljøvennleg perspektiv ved å oppfordre til gjenbruk av sportsutstyr.  

Skattkammeret i Voss

Skattkammeret Voss er ein del av BUA-nettverket. Ved å gjere det enklare for deg å låne utstyr til sport og friluftsliv, heilt gratis, vil me at alle born og unge skal får høve til å prøve fleire og varierte aktivitetar. Skattkammeret er som eit bibliotek med aktivitets og fritidsutstyr. Eit tilbod for alle som ynskjer å prøve noko nytt, for alle som ynskjer å kjøpe litt mindre og leike litt meir. Med etablering av Skattkammeret ynskjer vi å bidra til at born og unge sine fritidsmogelegheiter vert styrka.  

For å låne må du registrere deg på nettsida bua.io med eigen profil.  

Her finn du utstyrsutvalget hjå oss 

Kontaktinformasjon

Skattkammeret er lokalisert i Kirkens Bymisjon Voss sine lokaler

Bonangergata 12, 5700 Voss

Telefon: 55 21 50 99

Mail: skattkammeret.voss@bymisjon.no

 

Bli frivillig på skattkammeret

Skattkammeret er i stor grad basert på innsats frå frivillige medarbeidarar, og me har stadig trong for nye personar som ynskjer å engasjere seg. Som frivillig i Skattkammeret kan du bidra med å bemanne utlånssentralen vår. Du engasjerer deg då i ei turnusordning, for eksempel kvar andre eller tredje veke. Vi har og trong for frivillige som ynskjer å engasjere seg i prosjektet på andre måtar, som marknadsføringsarbeid, prosjektutvikling eller som aktivitetsinstruktør.  

Ta kontakt med oss om du vil bidra eller ynskjer meir informasjon om det å arbeide frivillig. 

 

Lars Lid Trana

Prosjektmedarbeider

lars.trana@bymisjon.no

Anthony Tessier

Prosjektmedarbeider

anthony.tessier@bymisjon.no