Mer informasjon om Ung i jobb, Voss

Ung i jobb, Voss er eit aktivitets- og arbeidstreningstilbod for personar mellom 18 og 29 som ikkje er i jobb eller utdanning. Gjennom arbeidsoppgåver og enkelt friluftsliv skal deltakarane oppleve glede, meistring og motivasjon til endring.

Gå direkte til kontaktinformasjon.

Prosjektet

Prosjektet er retta mot personar mellom 18 og 29 år som av ulike grunnar ikkje er under utdanning eller i jobb. Målet er å tilby deltakarane meiningsfulle aktivitetar og å gje dei ein introduksjon til arbeidslivet. Me ynskjer å formidle at endring er mogleg og å støtte deltakarane i denne prosessen. I Ung i jobb nyttar me mellom anna naturen som arena for arbeid med livmeistring, meistringstru og tilhøyre. 

Arbeidstrening

Innhaldet i arbeidstreninga vil variere og tilpassast den enkelte deltakar. Arbeidsoppgåver kan vera tilknytt Skattkammeret, Verkstaden eller oppdrag frå det kommunale eller private. Det er òg to kjøkken og ei syavdeling i lokalet.

Friluftsliv

Dei tilsette i Ung i jobb har, i tillegg utdanning og erfaring i helse og pedagogikk, teke Trygg av natur-kurs og nyttar denne pedagogikken aktivt der hensikta er at deltakarane skal oppleve handlingsrom, medbestemming, tillit og å høyra til. Med tilgang på Skattkammeret har me og mykje spennande utstyr som me kan nytta.

Alternativ skule: eit tilbod til elevar i 8.–10.klasse

Gjenom enkle arbeidsoppgåver på verkstaden får elevane opleva tillit, meistring og motivasjon. For å nå desse måla brukar ein metodikken Trygg i natur. Ta kontakt for meir informasjon.

Ung i jobb, Voss

Her finner du oss

Her finner du oss

  • Adresse

    Bonangergata 12, 5700 Voss

  • Telefon

    55 21 50 95