Polarisering
på agendaen

I haust har det blitt arrangert folkedialogar i Trondheim. – Vi treng slike møteplassar, meiner Benedikte Slørdal ved Kirkens Bymisjons Batteriet.

– Du og Kirkens Bymisjons Batteriet har vore med å arrangere to folkedialogar i haust. Men kva er ein folkedialog?

– Det er ein måte å utforske kva som skjer mellom menneske når vi utforskar ting i fellesskap. Det er ikkje debatt, men ein dialog.

– Korleis foregår det?

– Ein sit i ring. To har ansvar for å fasilitere samtalen. Den eine av dei stiller eit opnings-spørsmål, og den andre har ansvar for å notere dei som ynskjer å seie noko. Og så er det to grunnreglar: Alle snakkar på vegne av seg sjølve, og alt blir i rommet. Det skal være eit trygt rom, sjølv om ein har ulike meiningar.

– Til slutt har vi ei oppsummering for at alle skal føle at dei er blitt høyrde.

– Det er ein knall metode! For ein blir like bevisst på det andre seier som det du meiner sjølv.

Benedikte G. Slørdal og Kine Nilsen Myre fra Batteriet.
Vågar vi å vere ueinige? Benedikte G. Slørdal (t.v.) og Kine Nilsen Myre frå Batteriet i Kirkens Bymisjon under folkedialogen på Demokratifestivalen i november. (Foto: Jørgen B. Leangen/NRK)

– Tema for den første folkedialogen i haust var tillit.

– Ja, det var eit spanande tema. Veldig stort, vi brukte halvannan time.

– Ifølge arrangementsteksten skulle de snakke om kva som gjer at vi får tillit til kvarandre. Og kva som skjer når den blir utfordra. Kva var det som kom fram?

– Akkurat det som vart sagt, må bli i det rommet. Men eg vart imponert over kor mange perspektiv på tillit som kom fram. Det var mykje kjensler, folk vart rørt.

– Ei som var med sa at ho vart berre sitjande å lytte, sjølv om ho ofte brukar å ta ordet. At det var like spanande å berre lytte til dei andre.

– Folkedialogar er veldig i tråd med Batteriet. Vi jobbar jo for empowerment og at folk skal bli høyrde.

– Tema for folkedialogen i november var polarisering, med opningsspørsmålet: Kva skjer i deg når du møter sterke meiningar du er ueinig i? Er det ikkje fort gjort at det blir meir debatt enn dialog?

– Om nokon reagerer på eit innlegg, må ein snakke utifrå seg sjølv. Folk opplever det sjølv-sagt ulikt, og det er uvant for mange. Men om ein følgjer den regelen, blir det mindre som eit angrep.

– Hensikta er ikkje at ein skal bli einige, men at ein skal prøve å forstå kvarandre betre. Ved å la andre snakke utan å bli avbrotne, og utan å argumentere imot, så får ein høve til det.

Ein må liksom vere så klok om ein skal heve stemma, men i ein folkedialog er det kvar enkelt si oppleving som er viktig.

– Vi som styrer samtalen må finne ut kva behov som finst i rommet. Om folk snakkar veldig generelt, kan vi stille spørsmål. Vi er på jakt etter opplevinga til den enkelte.

– Kvifor er det viktig?

– Fordi vi treng slike møtestadar, både her i Trondheim og elles. Trygge rammer der vi kan møtast på tvers. Det finst ikkje så mange av dei romma, og folk set pris på moglegheita til å bli høyrde.

– Så folk føler seg kanskje ikkje heilt sett. Ein må liksom vere så klok om ein skal heve stemma, men her er det kvar enkelt si opp­leving som er viktig. Det er ope for alle, uansett kva status du har.

Publisert i Magasinet BY 04/2026.
Foto: Jørgen B. Leangen/NRK og privat.

Historier fra menneskene vi møter i vårt arbeid

Les flere historier