Ikkje berre dotter

Nicoline Havnå (37) føler seg uskuldig dømt etter å ha hatt ein far i fengsel.

– Eg hugsar eg tenkte: Kven er du, eigentleg? 

19. september 2005 starta første runde av rettssaka etter Nokas-ranet i Stavanger. Halvanna år hadde gått sidan det største ranet i norsk historie, og 13 personar satt på tiltalebenken i tingretten. 

Éin av dei var Nicolines far, Erling Havnå.  

– Eg sat heime og såg det på tv då alle kom inn i rettssalen, fortel ho på telefon frå Fevik utanfor Arendal. 

Ho var 16 år den dagen og trudde framleis at faren var uskuldig. Men då ho såg dei tiltalte vandre inn i rettssalen, skjedde det noko.  

– Eg såg eit blikk mellom pappa og David Toska, og då var det tydeleg for meg at dei  kjende kvarandre. Det var veldig sterkt. Hadde han levd eit dobbeltliv? 

Brå endring 

Nicoline skildrar barndomen i Arendal som trygg og fin. Foreldra dreiv treningssenter vegg-i-vegg med huset ho vaks opp i, så lyden av ein aerobicstime ved leggetid var ho og veslebroren godt vant til. Ho hugsar seg sjølv som ei energisk og livsglad jente, som tidleg hadde mange vener. 

Då ho var 12, skilde foreldra seg. Men det gjekk roleg for seg, ifølgje Nicoline.  

– Dei heldt fram med å bu i same gate, så vi kunne gå fram og tilbake som vi ville. 

Men alt endra seg ein vårdag i 2004. 

– Livet vårt handla jo etter kvart om han som sat i fengsel. Det prega heile kvardagen.  

Nicoline Havnå, BY 03/26
Bekymra for faren: Då Nokas-saka pågjekk, fekk den mykje merksemd. Nicoline lurte på korleis faren eigentleg hadde det i fengsel.

Sakna å le 

Få dagar før vi snakkar saman har Nicoline gifta seg i Oslo rådhus. Saman med Cecilie har ho to små barn og det ho i dag kallar «eit veldig godt liv». 

Ho er aktiv på den sosiale plattforma Instagram, der ho deler treningsvideoar og oppdateringar frå familielivet. Faren er med i fleire innlegg.  

– Vi har eit godt… eller eit heilt greitt forhold i dag, seier ho.  

Tre år gjekk det frå faren vart arrestert til han fekk ein rettskraftig dom: 16 års fengsel. Nokas-saka fekk stor merksemd i media. Då rettssaka starta, ville Nicoline helst vere heime og sjå på den.  

På eit tidspunkt fekk ho beskjed om at ho hadde for mykje fråver til å få lærlingplass. Mora vart med henne i eit møte på skulen.  

– Då sletta dei halve fråveret mitt, så dei var jo imøtekomande, fortel ho.

Tida under rettssaka var den vanskelegaste. Nicoline gjekk frå å vere ei sosial jente til å bli nedstemt og inneslutta.  

– Det var ei stor, offentleg sak. Alle visste og alle hadde ei meining om ei sorg som eg  gjekk og bar på.  

Nicoline Havnå, portrett BY 03/26. Foto: Torstein Ihle
Fristad: Kollegaene på arbeidsplassen der Nicoline var lærling som tenåring snudde avisene opp ned når Nokas-­saka var omtalt. – Dei var veldig opp­tekne av at lærlingplassen skulle vere ein fristad for meg, så dei tok omsyn. 

Ho sakna å le. Det var slitsomt å gå ut av huset, for Nokas-saka vart ofte eit samtaleemne. Då var det lettare å trekke seg tilbake og bli heime.  

I tillegg var ho bekymra for faren. Korleis hadde han det eigentleg der bak murane?  

Han fekk tildelt 20 minutt ringetid i veka. Av og til rakk ikkje Nicoline å ta telefonen då han ringde.  

– Om eg såg eit ubesvart anrop frå fengselet, var heile dagen min øydelagt. Då var det ei heil veke til neste gong. 

Eg hadde brukt så mange år på å bearbeide sorg og skam, og på eit blunk kom det tilbake igjen, i vaksen alder.  

«Ver stolt av namnet ditt» 

Heilt sidan ho var barn, hadde ho drøymt om å bli politi. Men då ho søkte seg inn på politihøgskulen, eitt år etter at faren var lauslatt, opplevde ho å få mange uventa spørsmål.  

– Dei spurde om min relasjon til pappa, om kor mykje kontakt vi hadde. Eg hugsar ikkje mange av dei konkrete spørsmåla som vart stilt, men mykje av intervjuet handla om han, fortel ho.  

– Han satt jo ikkje inne lenger. Så eg reagerte litt på det.  

Då Nicoline fekk vite at ho ikkje kom inn på politihøgskulen, valde ho å klage på spørsmåla. Ho fekk til svar at faren ikkje hadde noko med avslaget å gjere. 

– Eg kan ikkje påstå at det var derfor eg ikkje kom inn. Men eg fekk iallfall dei spørsmåla, seier ho.  

Nicoline Havnå, portrett BY 03/26. Foto: Torstein Ihle
Nicoline Havnå er utdanna fengselsbetjent, men jobbar no som saksbehandlar i Nav.

Ho la det bak seg og søkte heller på fengselsskulen. Men også der møtte ho motstand.  

– Under intervjuet spurde dei om eg hadde noko å legge til, og då fortalde eg om pappa. Dei spurde ikkje meir og eg kom inn. Men det var fleire som meinte det var feil, og det kom etter kvart klagebrev til skulen.  

Då ho mista praksisplassen ho hadde blitt tildelt, bestemte ho seg for å varsle. 

– Har du følt deg uskuldig dømt? 

– Ja, eg har følt meg førehandsdømt, på ein måte. Eg hadde brukt så mange år på å bearbeide sorg og skam, og på eit blunk kom det tilbake igjen, i vaksen alder.  

– Har du følt noko bitterheit mot far i desse situasjonane? 

– Det han gjorde har jo hatt store konsekvensar for meg. Men samtidig er det ikkje hans feil at dei opptrer på denne måten.  

Varslingssaka gjekk til Kriminalomsorgsdirektoratet, og Nicoline hugsar kva HR-direktøren der sa til henne: Du skal vere stolt av namnet ditt.  

Ho fekk til slutt fast jobb som fengselsbetjent og trivest med det.  

Elefanten som veks 

Det er no over ti år sidan faren vart lauslatt frå fengselet. Han og Nicoline har likevel aldri snakka saman om det som skjedde den dagen i 2004.  

– Eg har nok bearbeida det på eiga hand. 

– På kva måte? 

– For det første har det gått veldig mange år. Eg har kanskje laga mine eigne svar, og når ein blir vaksen ser ein på foreldra sine med eit litt anna blikk. Eg har lært han betre å kjenne.

Eg veit at han ikkje gjorde det han gjorde for å vere slem mot oss. Hadde han visst konsekvensane, ville han ikkje gjort det igjen, trur ho.

Men framleis er det ein slags elefant i rommet mellom dei. Og den forsvinn kanskje aldri heilt.  

– Det hadde vore betre å ta tak i dette langt tidlegare, for den elefanten blir berre større og større over tid. Til slutt er det vanskeleg å vite kvar ein skal starte. Det blir for mykje, og kanskje for sårt, å ta det opp.  

Ho meiner barn med foreldre i fengsel bør få meir hjelp til å reparere familierelasjonar. 

– Eg trur det har mykje å seie, for begge partar. For når du har 20 minutt telefontid i veka, vil du ikkje snakke om det som er kjipt. Du tek ikkje noko oppgjer då, liksom. Men det er viktig å kunne snakke med nokon om bekymringane ein ber på.  

Les meir om Kirkens Bymisjons tilbod til barn som har ein forelder i fengsel.

Har gått vidare 

Når spørsmål om tilgjeving kjem opp, høyrest eit sukk gjennom telefonen. Spørsmålet er vanskeleg, synes ho.  

– Viss det å tilgi handlar om å gå vidare sjølv, så har eg tilgitt. Eg har klart å kome meg vidare. For viss nær familie ikkje greier å tilgi kvarandre, korleis vil verda sjå ut då? Men den tilliten… Den har eg vanskeleg for å få tilbake.  

Nicoline har tenkt mykje på vala faren tok, særleg etter at ho fekk barn sjølv.  

– Eg kunne aldri gjort noko som hadde utsett barna mine for noko slikt. Hadde aldri risikert å gå glipp av så mykje tid med dei, for å oppsøke spenning. Men vi menneske er komplekse, og det er mykje som ligg bak, seier 37-åringen.  

Frigjort 

I fjor vart ho spurt om å fortelje si historie under True crime-festivalen i Arendal. Ho bestemte seg for å seie ja, og har sidan halde fleire foredrag om same tema.

– Eg har jo alltid vore «dottera til». Og i møte med andre blir eg framleis det. Men det har vore til stor hjelp å snakke høgt om det. Det er frigjerande, rett og slett.  

Ho meiner det er lite kunnskap der ute om korleis det er for barn som er pårørande til innsette. Aldri har ho følt seg så verdilaus som når ho kom til fengselet for å besøke faren.  

– Når du kjem dit er du jo i utgangspunktet ikkje så veldig høg i hatten.  

Små ting kan bety mykje, fortel ho. Som at bordet i besøksrommet ikkje er blitt tørka etter forrige besøk, eller at ingen har tømt søpla. Eller betjenten som plutseleg låser opp døra og seier at besøket er over, utan å gi beskjed på førehand.  

Då ho arbeidde som betjent sjølv var ho veldig oppteken av at besøksromma skulle vere ryddige.  

– Det har så mykje å seie. Det gir ei kjensle av verdigheit.  

Nicoline og Erling Havnå, BY 03/26
I barnedåp: Nicoline og faren Erling Havnå har eit greitt forhold i dag, ifølgje dottera. (Foto: Privat)

– Om du kunne sagt noko til deg sjølv som 15-åring i dag, kva ville du sagt? 

– At eg skulle tatt litt meir omsyn til meg sjølv, kanskje. At det kjem til å gå over.  

Ho tenker seg litt om. Kanskje litt hjelp til å lage gode rutinar hadde vore bra, særleg rundt telefontider og besøk, trur ho.  

– Som 15-åring hadde eg ikkje trua på at livet skulle bli godt igjen. Men hadde eg visst kor bra det vart til slutt, så hadde det kanskje vore til hjelp.  

Far til Nicoline, Erling Havnå, har lese gjennom intervjuet før publisering 

Publisert i Magasinet BY 03/2026.
Foto: Torstein Ihle.

Les flere historier

Les flere historier