Kyrkjerommet på Tøyen lyser lilla. Klokka er kvart på sju ein onsdagskveld, ute er det mørkt og mildt.
Inne i Herslebs gate 43 får alle Norsk salmebok i handa før dei finn seg ein stad å sitte. Nokre ser ut til å kjenne kvarandre frå før, set seg saman og pratar litt. Andre sit for seg sjølve. Benkane står vendt mot kvarandre, og i midten av rommet står flygelet.
Andreas Utnem ruslar rundt. Hentar kaffi, set fram notane. Lukta av suppe siv opp frå kroa i første etasje. Kvar onsdag er det mat før messa i Tøyenkyrkja.
– Det er eit slags kjerneelement i det vi driv med her på huset. Ord og bord høyrer saman, fortel Andreas, som har vore tilsett i snart 30 år.
– Det er mat nede og åndeleg føde oppe.
- Fødd i 1973.
- Jazzmusikar, komponist og regissør. Har i hovudsak jobba med musikk til teater, film og fjernsyn. I tillegg har han vore musikar på ei rekke utgjevingar.
- Har vore musikalsk leiar i Tøyenkyrkja sidan år 2000.
- Gift med skodespelar Andrea Bræin Hovig, har tre barn.
La vekk dialekten
Som liten gut i nord var Andreas Utnem mykje i Ishavskatedralen. Faren var kateket og familien budde i ei bygd utanfor Tromsø.
– Eg gjekk i ei lita klasse på ein mørk og kald stad, seier han, og legg fort til:
– Men det var fantastisk også, eg har mange gode minner derifrå.
Vi sit i kyrkjebenkane på Tøyen. No er rommet tomt for gjestar, og dagslyset trengjer inn gjennom dei store, bua vindauga.

Då Andreas var 13 år, takka faren ja til jobben som dagleg leiar ved Bymisjonssenteret i Oslo, som Tøyenkyrkja er ein del av. Overgangen til Oslo var stor.
– Eg hugsar at eg la frå meg dialekten på flyet.
– Kvifor?
– For å sleppe å vere nordlending i Oslo. Eg ville ikkje skilje meg ut og var nok litt engsteleg for korleis det skulle gå.
- Tøyenkyrkja vart innvigd i mars 1907 og reist av Christiania Indremisjon, som kyrkjeleg nærmiljøsenter i eit byområde prega av store sosiale utfordringar.
- Sidan 1984 har Kirkens Bymisjon vore ansvarleg for drifta av kyrkja.
- Bymisjonssenteret held til i Tøyenkyrkja og husar i dag fleire av Kirkens Bymisjons tilbod: gratis og rimeleg matservering, dusj, vaskeri og akuttovernatting, i tillegg til ulike aktivitetar og kulturarrangement.
- Kvar onsdag er det kvardagsmesse i Tøyenkyrkja. Annankvar torsdag er det «Åpen mikk».
Ser på kvarandre
Tøyenkyrkja vart ein andre heim for familien. Andreas vart tidleg kjent med dei som jobba der; gateprestane, musikarane. Han kan hugse at han feira 15-årsdagen sin i kyrkja.
Då såg rommet annleis ut enn i dag, fortel han.
– Benkane sto oppstilt som i ei vanleg kyrkje, og det var ein preikestol der framme på veggen. Det var anna belysning, meir tradisjonelle lysekroner i taket.
Rundt 1990 reiste far til Andreas, Stig Utnem, til Manhattan i New York. Tanken var å sjå korleis kyrkjene der vart drivne. Då han kom til ein stad der dei hadde snudd benkane, slik at folk såg mot kvarandre, vart han veldig fascinert.
– Han tok med seg det tilbake, og det er blitt eit slags kjenneteikn for dette rommet, seier 53-åringen og ser seg rundt.
– Kva tenker du om det?
– Tanken er at ein skal samlast om det som er midt på golvet. Det blir meir intimt. Midten blir eit slags bål eller, ja, ein møteplass.

Han meiner det fungerer bra i mange samanhengar.
– Særleg musikalsk. Her er ein tettare på det som skjer. Musikken kjem ut midt mellom oss og skapar noko med både lydbilete og akustikk.
Tango for håp
Ved starten av messa den nemnde onsdagskvelden, får alle tilbod om å tenne ljos. Ein kan sjølv velje om ein vil seie nokre ord i mikrofonen.
«Dette ljoset er for deg som er her for første gong», seier ei dame. Nestemann vil tenne eit ljos for ein 16-åring som er alvorleg sjuk.
Andreas byrjar å spele ein håpstango, som alle fekk utdelt notane til før messa starta. Og det brer seg ei ro over alle som sit der. Ein får kjensla av å ha ramla inn i eit trygt pusterom.
Ein mann legg seg i ei hengekøye som er spent opp bak i rommet.
Musikk som kjem innanfrå
Han vaks opp i ein musikalsk heim. Som barn spelte Andreas cello i orkester. I tenåra gjekk han på musikklinja og sidan har piano vore hovudinstrumentet hans.
– Eg har liksom spelt heile livet, seier han.
Første gong han spelte under kvardagsmessa i Tøyenkyrkja, var han 19 år gammal.
– Det var viktig for meg å gjere eit godt inntrykk. Eg var nok ikkje moden nok til å ta inn alt som skjedde og seie noko fornuftig om det reint musikalsk, men det var jo ein inngang. Steg for steg så lærte eg meir.

– Du har sagt at improvisasjon er viktig for deg som musikar. Kvifor?
– Mange meiner at improvisasjonsmusikk er jazzmusikk, men det er eg ikkje einig i. Det er viktig å improvisere i kyrkjemusikk også, og mange er veldig flinke til det.
Fordelen med å improvisere er at du legg meir av deg sjølv i musikken, meiner han.
– Den kjem innanfrå på ein annan måte, og du kan vere mykje meir spontan. Ein må tørre å ta innover seg det som blir sagt i rommet. Lys som blir tent, preiker som blir haldne, salmar som blir sungne.
Eg håper eg har auga opne for det sårbare i menneskes liv. Så mange år her i kyrkja gjer jo forhåpentlegvis noko med ein.
Det har blitt ein del kvardagsmesser opp gjennom åra. Andreas dreg fram nokre menneske som har gjort ekstra inntrykk på han.
– Erik sto alltid bak i rommet og las kveldsbøn. Han var ein fyr som budde i eit kommunalt hybelhus. Han er borte no, men varmen i orda hans kjem eg alltid til å hugse.
Rolf, ein gammal sjømann, tende alltid ljos under messa.
– Han hadde så langt skjegg, seier Andreas og setter handa ned på låret.
– Han hadde alltid så mykje på hjartet, kvar gong måtte vi be han gi plass til andre. No har du tent tre ljos, liksom, seier han og humrar.
Ser det sårbare
Annankvar torsdag har musikaren ansvar for «Åpen mikk» i kyrkja. Der kan folk kome med eigne tekstar, songar eller berre fortelje noko. Danse eller gjøgle, kva som helst.
– Det er noko av det mest morosame eg gjer. Det kjem sterke historier, og folk får prøvd seg framfor mikrofonen.
Spekteret er stort. Nokon står der for første gong, andre er profesjonelle musikarar. Kvar gong er dei 30-40 personar og dei et alltid vaflar saman først.
– Det er så mykje liv og helse i dette, meiner han.
– Kva har det gitt deg, som menneske, å møte så mange i ulike livssituasjonar her i kyrkja?
Han dreg på det.
– Ein kan jo håpe at eg har auga opne for det sårbare i menneskes liv. Så mange år her gjer jo forhåpentlegvis noko med ein. Det blir kanskje lettare å sjå at vi alle er like, uansett om vi er ein flyktning frå Spania eller kongar og prinsesser.
Med kjærleik for salmar
Vi går tilbake til messa, den mørke onsdagskvelden. Medan presten går rundt i rommet i fotsid kappe, sit musikaren ved flygelet i jeans og joggesko. Han blar i salmeboka.
Ei dame gjespar. Ei anna mistar noko i golvet så det smell i veggane. Då Andreas byrjar å spele, let fleire att auga.
Sjølv kan han begynne å gråte når han skal synge salmar.
– Det er noko med salmane som rører meg veldig. Folketonane som er laga, tekstane og at ein syng det saman med andre.

Han er oppteken av at salmane dei syng på Tøyen skal ha ein relevans til liva til dei som er til stades.
– Eg brukar mykje tid på å tenke på dette. Både å lage nye salmar, men også å spele dei på ein forståeleg måte. Få folk med, nære songgleda, fortel han.
Som musikar er han ofte meir oppteken av melodiane enn tekstane. Der er han og prestane forskjellege.
– Det kan vere lett for ein prest å seie: Nei, den salmen synes eg ikkje passar, for den har nokre rare gudsbilete. Og det kan vere lett å vere einig i, det. Men samtidig kan den ha ein fantastisk melodi!
Farfar var biskop, og faren min vart også prest. Så det er klart det låg nokre forventningar der til meg.
Stemma hans er engasjert, han lener seg fram der vi sit i kyrkjebenkane.
– Som «Se, solens skjønne lys og prakt». Teksten har kanskje sterke bilete som du ikkje ville brukt i ein salme i dag, men melodien oppsluker alt og trykker på så mange knappar.
Musikaren får eit sterkt forhold til nesten alle salmane han spelar. På spørsmål om han kan trekke fram dei han likar spesielt godt, dreg han på det. Det er vanskeleg å velje.
– Mange såg nok gravferda til kong Harald. Den første songen dei song før sjølve seremonien, på veg inn i kyrkja, var «No stig vår song». Det er ein salme som er veldig enkel å synge, er fantastisk open og samtidig har den ein moderne melodi, meiner han.
Han nemner også eldre salmar, som «Deilig er jorden» og «Deg være ære».
– Dei lever vidare fordi dei er så utruleg gode å synge og fordi dei er viktige i folks liv. Dei er også viktige for meg.
Det er òg nokre salmar som er blitt skrivne på Tøyen og som brukast mykje i kyrkja der. Som «Gå gjennom byens lange, rette gater» og «Nå dekkes bordet».
– Dei er eg også blitt veldig glad i. Men ja, det finst mange salmar, seier han og verkar nesten litt brydd over sitt eige engasjement.
Nesten like bra som prest
53-åringen vaks opp i det han sjølv kallar ein «ganske kristen og from heim». På mange måtar har han vakse opp i kyrkja. Det var vanleg, på begge sider av familien, at jentene vart sjukepleiarar og gutane vart prestar.
– Farfar var biskop, og faren min vart også prest etter kvart. Så det er klart det låg nokre forventningar der til meg, som eldste barnebarn.
Han er rask å understreke at han aldri kjende på noko press.
– Det var aldri aktuelt for deg å følgje i fars og farfars fotspor?
– Nei, eg trur ikkje det.
Han trur farfaren var litt skuffa over det, men samtidig var han veldig stolt og glad over at barnebarnet spelte i kyrkjer. Særleg sidejobben Andreas hadde i Oslo fengsel vekte begeistring.
– Det var veldig viktig, meinte han. Kvar gong eg snakka med han, spurde han om eg hadde vore der og kor mange innsette som hadde kome i gudstenesta. Han var oppteken av slikt, på ein veldig rørande måte, eigentleg.
Han tenker litt og smiler.
– Det var kanskje nesten like bra som å vere prest, det å spele der.
Høyr Andreas fortelje om korleis musikken kan gi trøyst:
Ein redningsplanke
Vi går tilbake til onsdagen i kyrkja, der presten har tatt fram brød og vin til nattverd. Alle som vil kan stille seg på rekke og kome fram, noko dei aller fleste i rommet gjer. Etterpå tenner dei ljos, som blir sett midt på golvet.
Til slutt går presten bort til Andreas ved flygelet, slik at også han kan ta del i nattverden.
– Kva plass har tru i ditt liv?
– Det er vanskeleg å skildre. Men at mitt trusliv har vore avhengig av det eg har gjort her i Tøyenkyrkja, det er det ikkje nokon tvil om. Det er slik eg har bygd mi vaksentru, svarar han.
– Og kva består den av?
– Eg er blitt utsett for veldig mange gode prestar og god teologi på denne staden. For her er det veldig høgt under taket, alle er velkomne. Alle er like mykje verd, og like for Gud, seier han.
Musikken har også vore ein veg inn mot det religiøse, trur han.
– Ved flygelet i kyrkja her kan eg merke kor mykje kraft og mot det er i musikken. Og den trøysta som musikken kan gi.
Om han skal spele konsert ein annan stad og kjenner på nervar, seier han til seg sjølv: Tenk at du sit i Tøyenkyrkja.
– Det hjelper veldig. For då kan eg berre gjer som eg pleier her, og då går det bra. Det er min redningsplanke.

Så god mat som mogleg
Han kallar kyrkja eit anker i livet. Ofte har han også feira jul der, og hatt ansvar for gjestebodet 1. juledag.
– Sist jul laga vi italiensk juleporchetta, ein andetallerken og ein vegetar versjon. Eg har aldri jobba på kjøkkenet her, men eg vore oppteken av at det å ete saman er veldig viktig. Å gjere det under gudstenesta, kan vere superkult. Å servere eit skikkeleg godt brød til nattverden, til dømes, seier han engasjert.
Målet bak gjesteboda har vore å lage så god mat som mogleg.
– Vi får dei beste kokkane til å hjelpe til, og dekker på det finaste vi har. Det er mykje verdigheit i det.
I år er det andre som tek ansvar for gjestebodet, sida Andreas skal på turné. Men i Tøyenkyrkja har han tenkt å bli verande.
– Eg er jo veldig heldig. Ein kan sikkert bli litt lei innimellom, som alle andre, men eg synes det er veldig meiningsfullt å vere her. Kva skulle eg gjort elles, liksom?
Publisert i Magasinet BY 04/2026.
Foto: Torstein Ihle. Video: Elisabeth Rodrigues.








