– Du og Kirkens Bymisjons Batteriet har vore med å arrangere to folkedialogar i haust. Men kva er ein folkedialog?
– Det er ein måte å utforske kva som skjer mellom menneske når vi utforskar ting i fellesskap. Det er ikkje debatt, men ein dialog.
– Korleis foregår det?
– Ein sit i ring. To har ansvar for å fasilitere samtalen. Den eine av dei stiller eit opnings-spørsmål, og den andre har ansvar for å notere dei som ynskjer å seie noko. Og så er det to grunnreglar: Alle snakkar på vegne av seg sjølve, og alt blir i rommet. Det skal være eit trygt rom, sjølv om ein har ulike meiningar.
– Til slutt har vi ei oppsummering for at alle skal føle at dei er blitt høyrde.
– Det er ein knall metode! For ein blir like bevisst på det andre seier som det du meiner sjølv.

– Tema for den første folkedialogen i haust var tillit.
– Ja, det var eit spanande tema. Veldig stort, vi brukte halvannan time.
– Ifølge arrangementsteksten skulle de snakke om kva som gjer at vi får tillit til kvarandre. Og kva som skjer når den blir utfordra. Kva var det som kom fram?
– Akkurat det som vart sagt, må bli i det rommet. Men eg vart imponert over kor mange perspektiv på tillit som kom fram. Det var mykje kjensler, folk vart rørt.
– Ei som var med sa at ho vart berre sitjande å lytte, sjølv om ho ofte brukar å ta ordet. At det var like spanande å berre lytte til dei andre.
– Folkedialogar er veldig i tråd med Batteriet. Vi jobbar jo for empowerment og at folk skal bli høyrde.
– Tema for folkedialogen i november var polarisering, med opningsspørsmålet: Kva skjer i deg når du møter sterke meiningar du er ueinig i? Er det ikkje fort gjort at det blir meir debatt enn dialog?
– Om nokon reagerer på eit innlegg, må ein snakke utifrå seg sjølv. Folk opplever det sjølv-sagt ulikt, og det er uvant for mange. Men om ein følgjer den regelen, blir det mindre som eit angrep.
– Hensikta er ikkje at ein skal bli einige, men at ein skal prøve å forstå kvarandre betre. Ved å la andre snakke utan å bli avbrotne, og utan å argumentere imot, så får ein høve til det.
Ein må liksom vere så klok om ein skal heve stemma, men i ein folkedialog er det kvar enkelt si oppleving som er viktig.
– Vi som styrer samtalen må finne ut kva behov som finst i rommet. Om folk snakkar veldig generelt, kan vi stille spørsmål. Vi er på jakt etter opplevinga til den enkelte.
– Kvifor er det viktig?
– Fordi vi treng slike møtestadar, både her i Trondheim og elles. Trygge rammer der vi kan møtast på tvers. Det finst ikkje så mange av dei romma, og folk set pris på moglegheita til å bli høyrde.
– Så folk føler seg kanskje ikkje heilt sett. Ein må liksom vere så klok om ein skal heve stemma, men her er det kvar enkelt si oppleving som er viktig. Det er ope for alle, uansett kva status du har.
- Batteriet er Kirkens Bymisjons ressurssenter for grupper og organisasjonar som jobbar mot fattigdom og sosial ekskludering i Noreg.
- Tilbodet finst i Bergen, Bodø, Kristiansand, Oslo og Trondheim.
- Formålet er å jobbe for et samfunn med velferd for alle, der menneske erfarar respekt, rettferd og omsorg.
Publisert i Magasinet BY 04/2026.
Foto: Jørgen B. Leangen/NRK og privat.








