På leit etter lyset

Som barn lærte Marie Blokhus (43) å underkaste seg naturen. Men skodespelaren er usikker på korleis ho ville takla å leve utan tak over hovudet. 

Vi ser Oslo by frå Ekeberg. Så blir vi tatt med inn blant store furutre som knirkar og knakar i ein lett sommarvind. 

Det heng toalettpapir frå eit blått tau, og fluger surrar rundt ein tannkost som står klar til bruk. 

Ei kvinne strekker hendene mot himmelen og sukkar. Ho går for å sette seg på ein provisorisk do, ei bøtte dekt med plast. Tenner ein røyk. 

Slik startar filmen «Agnes mot verden», som har premiere i mars. Hovudrolla spelast av Marie Blokhus (43). 

– Denne rolla var fascinerande å spele, og eg er veldig glad for at eg fekk gjere den, fortel ho. 

Vi møter henne på eit bakeri i Ullevål hage­by, like ved der ho bur. Kontrasten er stor til miljøa som blir skildra i filmen. 

– Det kan vere veldig lett å distansere seg frå heimlause folk som ein ser på gata og tenke: dette angår ikkje meg. Men heimløyse er eit kollektivt ansvar, meiner eg. Vi har eit ansvar for å finne ut kvifor somme menneske ikkje har ein stad å bu. Og korleis vi kan legge til rette for at dei kan få det. 

Tett på havet

Sjølv vaks Marie Blokhus opp på Tverlandet, to mil frå Bodø. Ho var fem år då foreldra bygde huset saman med bestefaren og onkelen.

– Eg hugsar det godt. Særleg kjensla av glava, og kor rart det var å ta på det, seier ho. 

Marie Bolknus. Portrett BY.
– Vi har eit ansvar for å finne ut kvifor somme menneske ikkje har ein stad å bu, seier skodespelar Marie Blokhus.

Det kvite huset med grøne lister, der foreldra hennar framleis bur, ligg 50 meter frå havet. Ho skildrar saltvatn som piskar på rutene og takstein som flyr. 

– Dei har to drivhus, for mamma er veldig hageinteressert. Det eine blir tatt av vinterstormen nesten kvart år, men han pappa bygger det opp igjen, seier ho og smiler. 

Som barn var ho ofte med og fiska i Saltstraumen – verdas sterkaste malstraum – som ligg ei mil unna barndomsheimen. Då vart ho bunden fast med tau. 

– Om du ramlar uti der, så er du basically ferdig. Så ein skal ha respekt for det. 

Ho hugsar det som både fascinerande og skummelt, men også veldig flott. 

– Ein skal helst fiske når straumen er på sitt sterkaste. Så vi drog ut og fiska mykje sei og ein og annan makrell, og så trakk vi fisken og åt den på flatbrød med smør. Kvar gong eg er heime, må vi gjere det. 

God i motvind

Midt i januar, etter fleire veker med mørketid, tittar sola fram bak Hopsfjellet på Tverlandet. 

– Det er nesten som ei religiøs oppleving. Og dei sommarnettene, når sola aldri går ned, er jo heilt vanvittig magiske. 

– Korleis har det forma deg, det å vekse opp så tett på naturkreftene?

– Eg hugsar at eg og besteveninna mi, Karina, hadde nokre faste steinar i fjøra. Hennar såg ut som ein sofa. Og der satt vi og filosoferte, ofte om kva som var på den andre sida av havet. 

Få gatelys bidrog til at heile himmelkvelven var synleg.

– Du er verkeleg i kontakt med kor liten du er i den store samanhengen, fortel ho. 

I tillegg kjem det praktiske aspektet: Om ein veks opp på Tverlandet, er det meste styrt av veret. 

– Du lærer å underkaste deg naturen. Men du blir veldig god på å stå i motvind. 

Ein heim i ein ven

I filmen «Agnes mot verden», som har premiere 20. mars, spelar Marie rolla som Agnes. Agnes bur saman med sin gode ven Hansi, spelt av Nader Khademi, i ein teltleir i Ekebergskrenten i Oslo. 

I skogen bryggar dei heimebrent, som dei deretter fraktar rundt i byen på sykkel og sel til dei som vil ha. Slik sper dei på den vesle inntekta dei får frå Nav, for å kunne finansiere eigen rusbruk. 

Marie Bolknus. Portrett BY, fra filmen Agnes mot verden.
Skodespelar Marie Blokhus i filmen «Agnes mot verden», her saman med skodespelar Nader Khademi. (Foto: Aeronauts)

Marie skildrar filmen som ei kjærleikshistorie mellom desse to menneska, som prøver å kjempe seg gjennom livet så godt dei kan. 

– Eg trur forholdet er heilt avgjerande for dei to. Ein heim kan jo også vere eit anna menneske. Og dei er nok heimen til kvarandre, seier ho alvorleg. 

Skodespelaren er raud i kinna etter å ha kome inn i varmen. Ute er det mange minusgrader og vind denne dagen. Plutseleg skumpar vi borti kafébordet, og kaffien hamnar nesten – men berre nesten – i fanget hennar. 

– Null stress. Eg har to barn. Eg føler dette er det eg gjer heile tida, tørkar opp ting, seier ho idet ho reiser seg for å hente ein serviett. 

Agnes i filmen har også barn. Ho kjempar for å få tilbake dotter si frå barnevernet. I leiren i skogen ligg det mange plakatar strødd på bakken. «Let the children go», står det på ein av dei. «Barnevernet = Gestapo», på ein annan. 

– Nokre aspekt av filmen må ein dikte sjølv, for ein får ikkje alle svara. Men Agnes har jo mista kontakten med dottera si. Dei har vore i ei slags ulukke, som har resultert i at Agnes er blitt fysisk og psykisk sjuk, og avhengig av medisinar. Og så har det berre gått nedover sidan. 

Veit aldri kva som kan skje

– Korleis førebudde du deg på denne rolla? 

– Eg og Nader, som spelar Hansi, møtte ein del av aktørane som jobbar på gata i Oslo. Vi var innom Maritastiftelsen, mellom anna, og Sjukepleie på hjul, fortel ho. 

– Ein blir veldig audmjuk i møte med eit sånt type miljø, spesielt fordi dei fleste var så imøtekomande og ærlege og så villige til å dele tankane sine. Men også fordi samfunnet berre av og til ikkje evnar å forstå at dette er menneske på lik linje med alle andre. 

Marie Blokhus.  Portrett BY.
– Ein blir veldig audmjuk i møte med eit sånt type miljø, spesielt fordi dei fleste var så imøtekomande og ærlege og så villige til å dele tankane sine, seier Marie Blokhus.

Ho seier filmen har fått henne til å tenke på heimløyse på ein meir omfattande måte enn tidlegare. 

– Korleis då?

– Ein har jo ofte fordommar fordi ein manglar kunnskap. Om ein til dømes ser ein rusa person på gata som sit sånn…

Ho krøker seg saman framfor kaffikoppen. 

– …så tenker ein kanskje at vedkomande søv eller er bevisstlaus. Men under arbeidet med filmen lærte eg at dette er ein person i rus, som kan høyre alt eg seier og gjer. 

Gjennom arbeidet med filmen fekk ho auga opp for at denne personen på gata kan vere kven som helst. 

– Du kan vere så talentfull og intelligent som berre det, men du veit aldri kva som kan skje i livet ditt. Så ein skal vere veldig forsiktig med å dømme folk etter kva omstende dei hamnar i, for ofte er det ikkje deira feil. 

Ein livsstil å forakte

– Korleis ville du sjølv takla å bu slik Agnes gjer i filmen, trur du?

Liten tenkepause. 

– Eg anar ikkje. Det er jo ekstremt, ein ekstrem måte å leve på, svarar ho. 

Ho tenker litt til, før ho liksom tek sats og seier:

– Eg trur det ville vore sårt, eg trur det ville vore tungt, eg trur det ville vore hardt. Men eg er også ein ganske hard jævel. 

 – Kan du forstå Agnes?

– Ja, absolutt, svarar ho fort og rettar seg litt i ryggen.

– Eg kan forstå desperasjonen av å ikkje ha kontakt med barnet sitt. Eg kan forstå frustrasjonen av å ikkje nå gjennom i eit system som du føler burde lytta til deg i større grad. Og eg kan forstå frustrasjonen av å vere avhengig av rus. At det er mangefasettert, då. At det er ein livsstil ein lener seg på, men samtidig har forakt for. 

Hør Marie fortelle om arbeidet med filmen:

Meir hjarte, takk! 

Marie har spelt mange ulike roller sidan ho gjekk ut av teaterhøgskulen i 2010. Mange kjenner henne som Maria i tv-serien «Side om side». Men ho har også spelt rolla som Hamlet på Det norske teatret, og hatt hovudrolla i bilfilmane «Børning», for å nemne noko. 

– For meg er kunst eit inkluderingsprosjekt. Så eg likar å famne breitt, for å nå så mange som mogleg. 

Ho håper mange vil gå på kino for å sjå filmen «Agnes mot verden» – og alle andre norske filmar som kjem denne våren. 

– Vi treng publikum, for kulturlivet er under press. 

Sjølv kjenner ho seg heldig, men ho har mange kollegaer som er arbeidsledige. Ho set seg fram på stolen før ho seier insisterande:

– Vi må klare å legitimere kunsten i samfunnet. Og vi må ha politikarar som trur på kunst som ei samlande og helande kraft.

Filmen «Agnes mot verden» kan ha stor folkeleg appell, trur ho. Ja, det er eit drama med alvorleg tematikk. Men det er også mykje humor der. 

– Er det noko vi treng no, så er det hjarte. Vi har fått nok av dei polerte, masseproduserte greiene, og eg trur folk tørstar etter det ekte og det relasjonelle, seier ho engasjert.

– Mi oldemor på 93 skal sjå den i Bodø, og eg trur ho kjem til å digge den. 

Marie Blokhus. Portrett BY.
Heim nummer to: Ein av stadane der Marie Blokhus kjenner seg heime, er Det norske teatret. – Eg har same garderobeplass som eg fekk då eg kom dit som frilansar i 2010. Og eg har nokre veldig gode kollegaer der, som er som familie, fortel ho.

Lyset i nord

Som ung skodespelar kunne Marie vere veldig kritisk til seg sjølv, stille høge krav. 

– Og eg kan kjenne på skam, det kan vel alle. Men eg er ikkje ein angstprega person. I alle fall ikkje no, seier ho.

Jo eldre ho blir, desto meir «chill» tør ho å vere med seg sjølv. Før 40-årsdagen vart ho åtvara om at jubileet kom til å føre til ei krise. Dagen kom, ho fekk kake med mann og barn, og ho sat heime og såg føre seg ein forferdeleg dag. 

– Men eg vart berre glad. Eg vart stolt og tenkte: Fader, du har jo klart deg bra! Du har bygd familie og karriere. Så eg laga meg ein mimosa og hadde eigentleg ein strålande dag. 

Ho ler. 

– Så eg trur eg er blitt flinkare til å ha større takhøgde med meg sjølv, og til å innsjå at eg ikkje kan få til alt heile tida. Men eg kan ha dårlege dagar, som alle andre. Og eg kan la verdas elende skylje over meg og kjenne på motløyse og håpløyse. 

– Men det var det lyset, då, i nord. Eg er ganske god til å sjå etter det.

Publisert i Magasinet BY 01/2026.
Foto: Torstein Ihle. Video: Elisabeth Rodrigues.

Les flere historier

Les flere artikler